Jagaflygaren Retriever skal inn i NATOs Immediate Reaction Force. På basen i India er ho einaste kvinne. I det same området bur og arbeider tebonden Masi Piegazne. Han har eit ønske om å bryte ned vestlige myter om te, tedyrking og tehandel. Retriver møter på si side utfordringar knytta til grensa mellom å presse seg nok, og presse for mykje. Med eit område sårbart for endringar som rammeverk utviklar eit drama av økologisk, politisk og militær balanse seg. Her flettast kvardagen til enkeltmenneska saman med dei store, globale spørsmåla.
Sikkimsdalen i Himalaya. NATO har erstatta det britiske imperiet. Med vid utsikt frå cockpiten reflekterer jagarpiloten Venor over si rolle i storpolitiken. Ikkje langt frå basen bur tebonden Pasi. Hans blikk er retta mot dei nære tinga, mot grønsaker og teplanter. Hans mål er å få dei til å vekse, trivast - og smake godt. Gjennom å skildre alt frå dei høgste, tynnaste luftlaga til dei minste minerala i jorda, utforskar Karlsvik personlege og nasjonale relasjonar. Ho lèt kvardagen til menneska i Sikkim spele seg ut mot ein global bakgrunn, og viser korleis politiske, økologiske og militære forhold er ein del av dette dagleglivet.