Forteljing. Dette er ei bok om syskensjalusi. Eg-personen er ikkje fortruleg med at storesystera skal passe ho. Ikkje blir det noko betre av at storesystera har invitert kjærasten sin på besøk. Eg-personen føler seg tilsidesett og oversett, og pønskar ut ein måte ho kan bli lagt merke til. Ho skriv ein lapp som ho legg igjen på bordet: "Eg rømmer", deretter klatrar ho ut av vindauget og heng i ein taustige langs veggen. Når storesystera oppdagar lappen slår ho full alarm. Inger Lise Belsviks illustrasjonar forsterkar den dramtiske oppleving av situasjonen. Biletbok for småskuletrinnet. Nynorsk tekst. Ill.: Inger Lise Belsvik. Kol.ill. ca [32] s. 2005.
. -
199 kr