Ingen er meir ivrig i tenesta enn Fut nummer sytten, Mikael Braut. Ingen kan hindre Fut sytten i å følge alle reglane i Futekontoret sin manual. Sjølv ikkje dei som fann opp reglane. Noreg er verdas midtpunkt. Leif Eriksson oppdaga eit land vest for Grønland, fult av apacher og mohikanarar og kalte det Leiferika. Frå aust og sør kjem djinnar, gudar med elefanthovud, steinstatuar frå Påskeøya og levande totempælar. Gudar, jotnar, troll og dvergar frå heile verda går gjennom Kristiania sine gater. Ein einaste institusjon held orden på dette enorme samfunnsmaskineriet: Futane. Her blir alle trådane i det mangslungne livet til Futekontorets mest iherdige innkrevjar samla. Tegneserieroman for ungdomstrinnet.
. -
299 kr