Opplysninger2
| Tittel fra omslaget
. - Kjersti Wøien Håland var festivalpoet på Oslo Jazzfestival i 2019. Desse dikta blei til der. I musikken, i byen, i jazzen, blant folka. eg vil sende eit postkort frå alle vanlege tysdagar som ikkje er så vanlege likevel til dei grå og stille dagane som er tomme for musikk eg vil gi ei bursdagsgåve til nokon eg ikkje kan namnet til eg vil hugse på at på enkelte augustkveldar luktar det blåbær av lufta sjølv om vi er midt i byen på enkelte kveldar heilt vanlege uvanlege tysdagskveldar er alt og alle ei gåve så gratulerer så mykje med dagen
|