Etnisk musikklubb: EM36
. -
Inneheld 39 spor
. - Medverkande: Rolf K. Seldal, tromme, lur, bukkehorn, signalhorn, munnharpe, langeleik ; Lajla Renate Buer Storli, hardingfele ; Laila Kolve, sjøfløyte, seljefløyte
. - "Trommeslåtter og anna på slåttetromme" er første utgiving med trommeslåttar og annna norsk folkemusikk på slåttetromme. Hovedartisten og ildsjelen bak prosjektet er tamburen Rolf K. Seldal. Han spelar slåttetrommer, lur, bukkehorn, signalhorn, munnharpe og langeleik. I tillegg deltar Lajla Renate Buer Storli på hardingfele og Laila Kolve på sjøfløyte og seljefløyte. Samansetninga av instrument gir eit meir variert lydbilete der slåttetromme gir underlag for både pols, springar, lokk, reinlender og bruremarsj. Innimellom får vi solo slåttetrommer som spelar dei tradisjonelle trommeslåttane som Johannes Sundvor samla, nedteikna og gjorde opptak av for snart hundre år sidan. Barnebarnet hans, Eirik Sundvor, har vore både sentral kilde og læremeister til Rolf K. Seldal som er utdanna slagverkar, musikkpedagog og folkemusikkvitar.