Opplysninger2
| Naboen til Ane har fått seg ein ny katt, ein omplasseringskatt, men nå er den forsvunnen. Naboen skal på ferie, og er fortvila over at Leo ikkje er kommen til rette. Ane og farfar lover å sjå etter den gulbrannete katten. Ane veit at omplasseringskattar kan ha problem med å finne vegen heim på eiga hand. Men ho veit ikkje kor mykje krøll ein kan få når ein skal redde ein katt, sjølv om ein berre prøver å hjelpe. 'Leseland - nivå 4' egner seg for dei som jamt over har knekt lesekoden og begynner å bli uthaldande i lesinga. Bøkene har meir tekst, 70-90 ord per side, historiene er meir komplekse, har nokre vanskelege ord, tekst delt i kapitler og illustrasjonar på kvar side. Lettlesen for småskole-/mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 6-11 år
. - Lettlest
|