Opplysninger2
| "Miljø-fakta med Ole Mathismoen" - Omslaget
. - På garden der Vanja bur, er dyra nett sleppte ut på beite. Men så blir fleire av dei sjuke. Samtidig skjer det noko med den tomme hytta i skogen, der Vanja og Sivert alltid har leika. Ein dag blir ho riven, og søppelet flyt rundt i naturen. Kven er det som riv gamle hytter og bygger nye? Og kven er det som kastar frå seg avfall som dyra tar skade av? «Hytta som forsvann» er andre bok i «Klodeklubben» - ein heilt ny spenningsserie om miljø og klima for barn i alderen 6-9 år, skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen. I «Klodeklubben» finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar.
. - Passer for 6-9 år
|