Opplysninger2
| Dette er tredje boka i Dunce-serien. Fordi Jens K ikkje har klart å logge seg inn i systemet, havnar han bakerst i vaksinekøen. Noko som fører til at han møter sjølve Døden i eit sjakkparti. Saman med hunden sin, Brego, prøver sonen Gustav desperat å bli kvitt eit kronestykke. Til og med Brego har sine eigne problem. Kjærasten hans har nemleg stukke av med ein cavalier etter at han sjølv måtte gå med krage ei heil veke. Dei små, trivielle problema i kvardagen blandar seg i teikneserien med dei meir eksistensielle utfordringane. Jens K Styve si stripe kan ein mellom anna dagleg finne i Klassekampen. Teikneserien har vunne mange prisar, og da Duce vart lansert i Frankrike i 2021, fekk teikneserien strålande kritikkar av franske kritikarar. Omtalen er utarbeidd av BS.
|