Opplysninger2
| I band 1 og 2 blei sjølve laftet og korleis hjørna og tømmer blir til hus omtala. I band 3 er det mellom anna tatt i bruk arkivet til Riksantikvaren i kapittel éin for å vise korleis samfunnsendringane speglar seg i formar og dimensjonar i lafta hus. Kapittel to tar for seg laftinga som ein tradisjon som går langt attende i fleire ulike land, og om fellesskapa i tradisjonane tvers over Nordkalotten frå Noreg til Alaska. Det finst óg forklaringar på korleis det gjer godt å bu i lafta hus, og ein gjennomgang av ord og seiemåter i tømrarspråket. Omtalen er utarbeidd av BS.
|