Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen

Om det å lafte . Band 4 . Frå fortid til framtid


Hylleplass
694.2 GOD
Forfatter
Tittel
Utgitt
Omfang
203 sider
Opplysninger2
Denne boka har ni kapittel. Kapittel 1 dreiar seg om oppstillinga av HUSET på Hjerleid handverksskole på Dovre. Kapittel 2 handlar om det ikkje-synlege verktyet som tømraren nyttar seg av i arbeidet med å skapa eit hus. Kapittel 3 er framlegg til opplæringslaup for tradisjonshandverkarar i tre og med døme laft som spesialitet i den siste enden av opplæringa. Kapittel 4 handlar om buret. Det er eitt av husa i tunet og eitt av husa i HUSET Bur har i dag mist funksjonen sin. Difor er det ein forklarande gjennomgang. Dei gamle buplassane er knytte til visse slags landskapsformer, og dette går att i nemninga på gardar. Kapittel 5 dreiar seg om legging av hus og tun i lendet og ord knytte til landskapsformer. Vi har ein bygningsarv å taka vare på. Difor har vi bygningsvern. Kapittel 6 gjer freistnad på ein prinsipiell gjennomgang. Bygningsvernet treng material. Difor er det eit kapittel 7 om skog for vern. Vi har kalla det arveskog. Vi er oppe i ei klimakrise. Skogen vil kunne vera ein stor medhjelpar i å løyse denne. Difor er det eit kapittel 8 om tre for framtida. Trass i at det å lafte høyrer til dei eldste kjende byggjemåtane, er det framleis mogleg å lage heilt nye variantar. Kapittel 9 dreiar seg om eit nytt slags laft, Roten-laftet. Om dette er den siste boka i denne serien, er det ikkje slutt på å lafte. Det er ikkje slutt på å tenkje framtid for tre. Dette er band 4 i serien om det å lafte - og det siste.
Emner
Dewey
Nettressurser
ISBN
Tittelnr
Bok