Opplysninger2
| «Arvid, Anna og Aud» er ei stillferdig forteljing om kjærleik, lyst, lengt og sjalusi og otta for å mista den du elskar. Ei bok om tre heilt vanlege menneske og deira heilt vanlege liv, som i språk og stil kan minna om Atle Hansen sin første roman, «Sargasso». Forteljinga er lagt til ein ikkje namngitt stad i Sunnhordland, slik Hansen sine romanar gjerne er. Dette er Atle Hansen si 25. bok sidan debuten i 1997.
|