Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen

Annleislandet Svalbard : små liv i storpolitikken


Hylleplass
998.1 YLV
Forfatter
Tittel
Utgitt
Omfang
215 sider
Opplysninger2
Journalist Line Nagell Ylvisåker har budd på Svalbard sidan 2005. Ho har hus og familie der, men ein gong må ho flytta derifrå. Det er ikkje lagt opp til at ein skal bu på øya heile livet, Svalbard har ikkje fastlegar eller sjukeheimar. Line er norsk statsborgar og kan flytta til fastlandet når ho ønskjer, men ikkje alle har den moglegheita. Svalbardtraktaten i 1925 gjorde øygruppa Svalbard til ein del av Noreg, men også heilt annleis. Det er den einaste staden i verda der menneske kan slå seg ned utan visum eller opphaldsløyve. Alle kan busetja seg der, men ein må ha jobb eller pengar nok til å brødfø seg, og ein stad å bu. Utan det blir ein send heim av politiet. Det bur berre litt over 3000 menneske på heile øygruppa. Den norske busetnaden Longyearbyen er blitt ein smeltedigel av folk frå fleire enn femti nasjonar. Delen ikkje-norske aukar raskt. Den nest største folkegruppa kjem frå Thailand. For dei finst det ikkje noko tryggleiksnett, berre ein brutal arktisk natur. Svalbard skal ikkje vera ei bakdør til Fastlands-Noreg. Asylsøkjaren Omid fekk ikkje opphald i Noreg, reiste til Longyearbyen og er ein fri fange i ishavet. Tenåringsjenta Varisa er norsk i språk og kultur, men har thailandsk pass og dermed ingen rettar i Fastlands-Noreg.
Emner
Dewey
Nettressurser
ISBN
Tittelnr
Bok