Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen

Samuel Pedersens reisedagbok


Hylleplass
ØDE
Forfatter
Tittel
Utgitt
Omfang
118 sider
Opplysninger2
Årets diktbok er ei samanhengande forteljing med eit frodig biletgalleri og mange avstikkarar i handlinga. Motoren i den lyriske forteljinga er plassert i ein heimekonstruert bubil som pensjonert adjunkt med opprykk Samuel Pedersen har kjøpt på finn.no. Med denne legg han ut på tur med pensjonert straumavlesar Inga som han vonar det kan bli eit nært forhold av etter at hans første kjærleik, Olga, omkom då fallskjermen hennar ikkje falda seg ut. Han fører dagbok, der dei faktiske hendingane på bubilturen blandar seg med draumane og tankane hans, som i stigande grad dreier seg om den opprørske paven og pavens hund. I dagboka les vi om ein kallskapellan på moped, ein plagsam gamling som ender sitt liv ved eit skjorereir, ei kroppsøvingslærarinne på studietur til Roma og ein bonde som ligg på sk\jukehus og blir operert i nasen medan garden blir styrt av ein desperat avløysar frå Litauen. Og medan handling og fabulering rullar fram med bubilens ferd, driv kjærleiken sitt fine spel med dei aldrande to på tur.
OrgTittel
Emner
Sjanger
Dewey
Nettressurser
ISBN
Tittelnr
Bok