Opplysninger2
| Det viktigaste i livet for Tarjei er venner og gaming. Men kva skjer når mamma og pappa har bestemt seg for å skiljast? Mamma flyttar etter kvart inn til den nye kjærasten sin. Men Tarjei vil heller vere hos pappa i det gamle huset. Nokre gonger må han likevel bu i det nye huset til mamma. Då søker han seg til den gamle leikehytta saman med bestevennen Sindre. Der dukkar også Aisha opp, som han så gjerne vil gå på epleslang med. 'Tarjei, 13 år' er ei oppvekstskildring om å vilje vere liten og stor på ein gong. Kan ikkje mamma berre la han vere i fred? Og kan ho ikkje forstå at det er no han hadde trunge både ho og pappa som mest? Dette er ei forteljing om skilsmisse, pubertet og forelsking. Forteljing for mellomtrinnet.
. - Alder: 11-16 år
|