Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen

Haugtussa : forteljing i songar


Hylleplass
GAR
Forfatter
Tittel
Utgitt
Omfang
3 CD
Opplysninger2
Øyonn Groven Myhren slepp ei mektig musikalsk tolkning av Arne Garborgs (1851–1924) fengslande diktforteljing Haugtussa (1895). Med ei imponerande samling på 34 nummer spreidd over tre CD-ar, er dette den mest omfattande songsyklusen skapt over Garborgs rike forteljing om ungjenta Veslemøy, eller Haugtussa som ho vert kalla. I eit variert kvedaruttrykk, nennsamt orkestrert med folkemusikkinstrument, melodisk slagverk og perkusjon, gir Øyonn liv til soga «Då Folkemusikkveka på Ål i Hallingdal i 2019 tinga ny musikk til Haugtussa, visste eg med ein gong at eg ville kvede forteljinga, for Garborg nyttar sjølv ord som kvad og song om ver-ket sitt», seier Øyonn Groven Myhren. «Eg tenkte først å kvede forteljinga utan instru-mentfølgje, men ettersom arbeidet voks, ville eg ha innslag av seljefløyte, klimpring, felespel og slagverk. For i Garborgs tekst finst både fløyte, harpelåt, langeleik, stillare strengir, fele-ljom, springar, sylvklokke-kling, bjøllur, ringlig, bummel, bammel, gryte og kjel som læt ein lått, som ingen visste, og meir til. Eg var heldig å få ja frå musikarane Rasmus Kjorstad og Tomas Nilsson, og då hadde eg alt dette å boltre meg i.» I Haugtussa følgjer vi tenåringsjenta Veslemøy som er synsk og kan sjå både huldrefolk, troll, hekser og dei som er døde. Vi møter henne heime på garden og som gjetarjente i fjellet der ho blir kjærast med Jon. Då Jon svik henne, tar sorg og nedbrytande krefter overhand. På motsett side står Veslemøys døde søster som ei klok og varm rettleiar. Vi følgjer Ves-lemøys kamp i striden mellom lys og mørker, og til slutt syner «visdoms volve» seg. Skiftinga mellom årstidene spelar ei viktig rolle i forteljinga, og utgjevinga er delt inn i tre år-stidsbolkar: Vol. 1: vinter, Vol. 2: vår og sumar, og Vol. 3: haust og vinter. Vol. 1 kjem ut digitalt samstundes med den fysiske utgåva, medan digitale lanseringar av Vol. 2 og Vol. 3 kjem seinare, på to ulike tidspunkt. . - Innhold: Første Del Opningskvad 1-1 Til Deg, Du Hei 5:31 Vinter 1-2 Kvelding 3:00 1-3 Linnvêr Og Sus 2:49 1-4 Det Syng 2:12 1-5 Fyrivarsl 3:24 1-6 Sundagsro 2:10 1-7 Gamlemor Ventar 1:20 1-8 Veslemøy 2:41 1-9 Synet 2:10 1-10 Haugtussa 1:32 1-11 Mot Soleglad 4:53 Andre Del Vår Og Sumar 2-1 Vårdag 2:45 2-2 Under Jonsok 2:56 2-3 Huldri Syng 2:49 2-4 Mjukt Som I Gråt 1:28 2-5 På Fjellveg 2:19 2-6 Den Snilde Guten 3:15 2-7 «Dokka» 1:49 2-8 Møte 4:03 2-9 Vond Dag 5:43 2-10 Ved Gjætle-bekken 2:44 2-11 Huldri 2:03 2-12 Haugkallen 2:25 Tredje Del Haust Og Vinter 3-1 Gnavlehòl 3:08 3-2 Gumlemål 5:55 3-3 Under Skareås 1:10 3-4 Måneskinsmøyane 4:31 3-5 Rådlaus 1:30 3-6 På Vildring 4:27 3-7 Ho Vaknar 3:35 3-8 Ei Tung Stund 4:56 3-9 Blåhaug 2:15 3-10 I Blåhaug 4:43 Vår 3-11 Um Natti 4:03 - 3-12 Untitled 0:37 . - Tekst av Arne Garborg Musikk av Øyonn Groven Myhren Øyonn Groven Myhren – song, seljefløyte, kraviklyrer, basslangeleik Rasmus Kjorstad – langeleik, munnharpe, hardingfele, fele, oktavfele Tomas Nilsson – hakkebrett, klokkespel, vibrafon, ‘blåhauginstrument’ . - Øyonn Groven Myhren slepp ei mektig musikalsk tolkning av Arne Garborgs (1851–1924) fengslande diktforteljing Haugtussa (1895). Med ei imponerande samling på 34 nummer spreidd over tre CD-ar, er dette den mest omfattande songsyklusen skapt over Garborgs rike forteljing om ungjenta Veslemøy, eller Haugtussa som ho vert kalla. I eit variert kvedaruttrykk, nennsamt orkestrert med folkemusikkinstrument, melodisk slagverk og perkusjon, gir Øyonn liv til soga «Då Folkemusikkveka på Ål i Hallingdal i 2019 tinga ny musikk til Haugtussa, visste eg med ein gong at eg ville kvede forteljinga, for Garborg nyttar sjølv ord som kvad og song om ver-ket sitt», seier Øyonn Groven Myhren. «Eg tenkte først å kvede forteljinga utan instru-mentfølgje, men ettersom arbeidet voks, ville eg ha innslag av seljefløyte, klimpring, felespel og slagverk. For i Garborgs tekst finst både fløyte, harpelåt, langeleik, stillare strengir, fele-ljom, springar, sylvklokke-kling, bjøllur, ringlig, bummel, bammel, gryte og kjel som læt ein lått, som ingen visste, og meir til. Eg var heldig å få ja frå musikarane Rasmus Kjorstad og Tomas Nilsson, og då hadde eg alt dette å boltre meg i.» I Haugtussa følgjer vi tenåringsjenta Veslemøy som er synsk og kan sjå både huldrefolk, troll, hekser og dei som er døde. Vi møter henne heime på garden og som gjetarjente i fjellet der ho blir kjærast med Jon. Då Jon svik henne, tar sorg og nedbrytande krefter overhand. På motsett side står Veslemøys døde søster som ei klok og varm rettleiar. Vi følgjer Ves-lemøys kamp i striden mellom lys og mørker, og til slutt syner «visdoms volve» seg. Skiftinga mellom årstidene spelar ei viktig rolle i forteljinga, og utgjevinga er delt inn i tre år-stidsbolkar: Vol. 1: vinter, Vol. 2: vår og sumar, og Vol. 3: haust og vinter. Vol. 1 kjem ut digitalt samstundes med den fysiske utgåva, medan digitale lanseringar av Vol. 2 og Vol. 3 kjem seinare, på to ulike tidspunkt.
Emner
Sjanger
Tittelnr
CD