Opplysninger2
| Det er lyst ut ein konkurranse om å ta det beste naturbiletet. Tore og Gabriel har ikkje telefon så dei kan ikkje delta. Preben, derimot, har ein dyr telefon og han er sikker på at han kjem til å vinne. Tore er svært interessert i fuglar og skulle så gjerne ha sett ei havørn. Han og Gabriel har laga seg ei eiga fuglekikarhytte nede ved nausta, men det tar ikkje lang tid før Preben og dei kjem og øydelegg ho. Ofte plagar dei Gabriel også. Tore og Gabriel finn seg ei ny hytte på ein bortgøymd stad, men då held det på å gå skikkeleg gale. Dette er ei bok om venskap og mobbing, om foreldre og fuglar, om steinalderen og stjernehimmelen, om sjø og sjøtroll og om stinkande fisk. Forteljing for småskole-/mellomtrinnet.
. - Alder: 9-13 år
. - God, leselig skrift
|