Opplysninger2
| Før var Ulrik heilt aleine. Heilt alien. Det var før! No har han Fia og Bob. Med to nye vener og ein klasse som synest han er flink til å teikne, ser Ulrik lyst på livet. Ikkje eingong bøllete rektorar er noko problem. Men ein dag bankar ei stressa dame på døra til klasserommet. Ho har kome for å hente Fia. Samtidig leiter politiet etter Bob. Skal alt som har blitt bra, bli borte vekk? Har Ulrik fortsatt vener når boka er ferdig? 'Alien i klassen 2. UFO-gjengen' er ei bok om vennskap og familietrøbbel, og om kor viktig det er å ha ein gjeng som kan hjelpe å rydde når dei vaksne lagar rot. Forteljing for småskoletrinnet.
. - Alder: 6-9 år
. - God, leselig skrift
|