Forlaget skriv om denne boka:
Boka byggjer på bilete måla av Inger Anne Ree Hunderi, som fekk diagnosen Alzheimer sjukdom då ho var berre 55 år gamal. Inger Anne er utdanna som fysioterapeut, men har i alle år vore ein habil amatørkunstnar. Ektemannen Ola Hunderi har skrive dikt til bileta. Han fortel også i prosaform om det å miste ein kjær ektefelle litt etter litt - medan ho enno lever. "Modig og ærleg, beint fram og sårt, men samstundes med kjærleik, tek han (Ola Hunderi red.) oss med inn i omstende og kjensler få av oss vågar å formidle i det offentlege rommet," skriv avdelingsoverlege og professor i geriatri ved NTNU, Olav Sletvold, i eit forord til boka. Førsteamanuensis ved Institutt for form og farge, NTNU, Jostein Kirkerud, seier om Inger Annes bilete: "Fra å være en dyktig amatørmalers formalt godt struktuerte bildekomposisjoner med motiver av liv, lykke og livsglede, starter vi en nedstigning til et helvete av en livstilstand ingen hittil har kunnet rapportere fra konsistent, og med begrep som kommuniserer presist." Musikaren og komponisten Karl Seglem vart så grepen av Inger Anne og Olas historie at han komponerte verket Skoddeheimen. Ein cd med den innspelte musikken ligg ved boka. Med alle sine uttrykksformer er det liten tvil om at utgjevinga er unik, også i internasjonal samanheng.