Forlaget skriv om denne boka:
Christophe Tarkos blir rekna som ein fornyar av den franske poesien. No er han for første gong blitt gjendikta til norsk. Tarkos dyttar på orda og setningane, gjentek diktas innhald til det ekstreme, dikta blir variasjonar over seg sjølve, ein levande orddeig, alvorleg, absurd, menneskeleg. Resultatet er djupt tragisk og djupt humoristisk; vi møter ei høne som ikkje er større enn eit egg, ei samling element utan element, ei pyntepute på ein sofa, ein produktiv produksjon. I denne samlinga med 64 diktkasser handlar det om både livshåp og livsdepresjon.