"I bortimot tusen år har menneske innanfor den norrøne folkegreina visst av, og interessert seg for, den delen av verda som skulle bli heimen for dei amerikanske Sambandsstatane. Og i to hundre år har desse statane kome til å spela ei alt større rolle i utforminga av norsk liv, ein påverknad sterkare enn frå nokå anna land utanfor Europa. Å skildra dette samspelet, innanfor alle greiner av nasjonal utvikling, må kallast ei viktig oppgåve, og ikkje berre reint vitskapleg"