Eit avsidesliggjande, forfallent hus med mange rom er bustaden til den unge organisten Stefan og ei brokut samling personar som litt etter kvart har flytta inn der.
No er dei alle innesnødde. Og det skaper problem for alle så nær som Den Gamle, som fant på å døy etter snøen kom, men før han fekk lagt ifrå seg Playboy og gøymt nøkkelen til skrinet med dei 450 000 kronene og testamentet.