Forlaget skriver om denne boka:
GUDEHOVET er eit frittståande framhald av "Ørneblodet" som Knud Ødegård gav ut i 1983. Mesteparten av handlinga er lagt til Island, og som i "Ørneblodet" spelar konflikten mellom heidenskap og kristendom ei viktig rolle. Men "Gudehovet" er dessutan forteljinga om kjærleiken mellom to ungdomar, om dei mange konfliktane før Morgan og Ari kan få kvarandre. Vove inn i det heile ligg ei eldgamal forteljing om korleis Aris slekt, arnungane, kom til Noreg: Førd av ei lys ørn over havet, vestfrå, kongeleg kledd, settest den første arnungen som eit gutebarn ned på ei vestlandsøy. Om halsen bar gutebarnet ein amulett. Ari ber amuletten no...
KNUT ØDEGÅRD er fødd i Molde i 1945. Han har tidlegare gjeve ut seks diktsamlingar - m.a. "Biesurr, laksesprang" (1983) - og fleire samlingar gjendiktningar av utanlandsk lyrikk.