Ein morgon då Anders kom ned til dammen, fann han eit skilt med eit slags brev frå Salamanderen. Der stod det at han hadde pakka og reist sin veg, og om Anders tenkte etter, ville han forstå kvifor. Anders tenkjer etter, og rett nok han forstår grunnen. Han forstår også at han må dra ut på leiting etter Salamanderen. Endå skulen skal ta til om nokre dagar, ivrar foreldra hans for at han skal reise. Salamanderen har vore som eit lykkedyr og passa på både hus og folk, og det er berre Anders som kan klare å finne han. Men aleine er det ikkje godt å klare det, og kvar skal han begynne å leite?