Forlaget skriver om denne boka: Når du sit heilt stille i graset, har du sikkert merka at alle lydar blir så nære? Og ikkje berre fuglesangen og surr frå humler og mygg - men jamvel blomane har stemmer! Alt snakkar til deg, liksom... Slik alt snakka til Jorunn og Janfrid denne dagen. "Drøyme seg bort" kallar mor til Jorunn det, - ho skjønar visst ikkje at i graset er det eit helt anna land med kjempegrashopper der merkelege ting kan skje, og at i eit lite brunt hus gjennom skogen bur det kanskje ei heks...