"Ingenting hender" er tittelen på ei av novellene i denne debutsamlinga, men om ikkje den ytre handlinga er full av dramatikk, kokar forteljinga av kjensler og tankar som er innhaldsrike nok. Og anten det er småjenta som har skuldkjensle fordi veslebroren drukna, bestemor som ikkje "tek seg av" barnebarna, den eldre kvinna som har ofra seg for si gamle mor, den ærverdige direktøren som møter att den store, forbodne kjærleiken eller eit eldre ektepar som finn att tonen - Solfrid Sivertsen avslører ei utruleg evne til å kome under huda på dei alle. Det er røynsler frå ulike aldrar i eit menneskeliv, og mest er det såre røynsler.