Forlaget skriver om denne boka:
I over 20 år har Ingebrigt Davik gledd og engasjert norske barn gjennom radio, TV, grammofonplater, teater, bøker og turnéar. Der denn kunstnaren er på ferde, veit vi at song og musikk er nær. Slik også i denne boka. Dette er nemleg ei samling viser og songleikar, der Davik inviterer til aktivitet, bruk av fantasi og rørsler. Vil du berre syngje, ventar nye viser på deg. Nokre er laga av forattaren sjølv, men han har og omsett andre sine viser og songleikar.