Kafe er kultur: snakkekultur, lesekultur, etekultur, drikkekultur. Eg les i ei kulturavis. Fleire sider handlar om mord. Det har vore fleire mord i Haugesund i dei seinare åra. Ein gong kom en journalist frå ei kjend Oslo-avis bort til bordet der eg sat. "Du kjenner kanskje han dærre, veit kanskje litt om det kriminelle miljøet her i byen du?" starta han. Eg sa at han dærre sikkert alt hadde fått meir avisomtale enn han sjølv var glad for og gjorde framlegg om at han heller skriv litt i avisa si om meg i staden, sidan eg var forfattar og kunne ha ... journalisten var alt på veg ut.