Månen var så einsam ein kveld, han var ute og segla. Stjernene ville ikkje tala med han, og sola ville ikkje sjå på han eingong. Ingen var så einsame som han noen stad, det var månen sikker på. Men der fekk han nok tru om att. For nedpå jorda stabba ei skilpadde kveldsturen. Ho kjente seg så åleine at det nesten var godt å ha to katter til å erte og plage seg, for da hadde ho iallfall selskap.
Men denne kvelden skulle det ikkje gå så greitt for svartkatta og gråkatta å plage skilpadda, for plutselig oppdaga månen kva som gikk for seg... Så begynte den rare natta.