Etter år i fengsel dukkar han opp for å snakke og sove. Roger har fast hake, skinnjakke og spisse støvlar og ein dom for mord. Etter Glorias meining er det berre skulejenter og gamle tanter som blir imponerte av slikt. Likevel låner ho han bilen til faren, og alt dagen etter er dei på veg gjennom ferjekøar og langs fjordsider.