I 1991 kom Tor Obrestads biografi over Arne Garborg, i 1992 ein like stor og like spennande biografi, over kona hans - Hulda. Den mangfoldige og samansette kulturpersonlegdomen, teatermennesket, forfatteren, det politiske mennesket. Hulda Garborg var revolusjonær og provoserande på fleire område, ikkje minst fordi ho var kvinne - og ho har vore til dels usynleggjort i ettertida. Tor Obrestad tek for seg hennar liv og innsats i stor bredde og legg fram mykje nytt stoff.