Forlaget skriver om denne boka:
Er det slik at ingen lenger blir vaksne og alt er som på film?
Hovudpersonen i denne historia er foreldrelaus og bur saman med ein forfylla onkel i eit falleferdig hus ved ei elv. Det at jentene i klassen trur han lever eit eventyrleg liv, er berre fordi dei ikkje veit betre. Likevel minner dette han om ei bok han ein gong har lese. Derfor byggjer han flåten. Ein gong hadde han også ein bror. No høyrer han berre av og til lyden av ein motorsykkel langt borte. Og inne i drabantbyen er det Mamba-gjengen som styrer. Ein dag kjem lyden av motorsykkelen nærmare og alt må bli annleis. Mern ute på vegane er det heilt andre lover som gjeld og alt er mykje farlegare