Forlaget skriver om denne boka:
I denne boka er samla alle dei seks tragediane som Eirik Vandvik sette om frå gresk: "Persarane" og trilogien "Oresteia" av Aiskylos, "Kong Oidipus" og "Antigone" av Sofokles.
"Eirik Vandviks omsetjingar er - så langt eg kan døme om dei - fullborne meisterverk. Målet er likeså mjukt som rikt, og verseteknikken så suverén at ein vel aldri har sett maken i nynorsk omsetjingskunst" (Ragnvald Skrede i Dagbladet)