Forlaget skriver om denne boka:
Da den triste soga var lesen ein siste gong, vart dei sitjande begge som gjorde av stein. Gjennom det vesle glaset gav gryet lite lys. Frå gata ingen lyd frå liv som vakna. Eller var det slik at dei var gravne ned i kven veit kva for tankar og ikkje merka noko? Verken dagsens lys eller lyd frå liv som vakna. Kven veit kva for tankar. Tankar, nei, ikkje tankar. Djup i sinnet. Gravne ned i kven veit kva for djup i sinnet.Sinnesløyse. Dit lys ikkje når. Og ikkje lyd. Sat der som gjorde av stein. Den triste soga lesen for siste gong.