Dette er ein svært humoristisk og spennande roman om vår tid, om konkurs og forsvinningsnummer, om livsglad galskap, om oppbrot og samanbrot og om tilhøvet mellom mann og kvinne. Hovudpersonen bur i lag med søstera si og held på å skrive pamflettar om fridommen sine vilkår, farskapens fordelar og ulemper og mykje anna. Med bitande ironi og svart humor viser forfattaren det umoglege i slike skriveprosjekt, og korleis det endar i nevrotiske sjølvrefleksjonar og tragiske liv.