Boka inneheld eit utdrag av novellesamlinga. Novellene er korte og tek for seg viktige avsnitt langs eit livsløp, frå den forelska ungguten sine plagar til harmoniske møte med livets slut. Ein slags raud tråd gjennom boka er konsekvensane av dei val vi tek i livet, eller følgjer av dei val vi ikkje tok. Her er også atterskuande erindringsbilete frå den grenselause tida då mange engasjerte seg i utopiske prosjekt, politiske, økonomiske, eller samlivsprosjekt som alle peika ein veg: mot nederlaget. Her er varme og humor, og ironi.