Forlaget skriver om denne boka:
Skjelettet i denne samlinga essay og artiklar er poesien. Det handlar om den poetiske informasjonen, om poesien i skrift, i bilete og skulptur. Ja, jamvel om poesien i ein sjølvkrydra dram som smakar som eit heilt landskap.
Forelskinga er merksemda som breier seg som ei lyst i språket, i kroppen, mot landskap og menneske. Den uventa gleda poesien kan gje: Å møta eit anna menneske nerve til nerve.
Det håplause er posisjonen ein er i dersom ein vil fanga det poetiske, formidla desse opplevingane vidare. Ei rolle som kan vera fascinerande, krevjande og føra ein inn i destruktive mønster.
Her er samla artiklar og essay frå 15 år. Forfattaren har gripe fatt i nokre høgdepunkt av leseopplevingar, og skriv om alvoret til Tor Ulven, Tor Obrestad sin magiske medisin, om Pentti Saarikoski og dikta hans som elskar, dansa r og drikk. Her er eit nytt essay om Sigmund Mjelve sin «er-til»-poesi, og her er ei skildring av utgangspunktet til forfattaren der Obstfefder er en sentral figur. I området mellom undring og konstatering rører skrifta seg kring skjelettet, og sluttar sjølvsagt der ho tek til.