Forlaget skriver om denne boka: Anders Hovden og Ivar Aasen var sambygdingar frå Ørsta, og dei var mykje saman i Oslo i 1870- og 80-åra, da Hovden studerte teologi. Dagbøkene til Aasen fortel at Hovden ofte besøkte han, og at han stadig gav studenten pengar. Ofte gjekk dei også ut på Klingenberg og andre morostader. Hovden sat svært trongt i det, og det var pengane frå Ivar Aasen som berga han gjennom studieåra.
Om venskapen og hopehavet med Ivar Aasen i desse åra er det Anders Hovden fortel. Knapt nokon kom Aasen nærmare inn på livet enn Hovden. Han har mykje artig å fortelje, og som tilskot til Aasens biografi er dette ei verdifull og i høg grad leseverdig bok.