Milan Richter vart fødd i Bratislava, i det dåverande Tsjekkoslovakia den 25. juli 1948. Både mors- og farsætta er jødiske, og det er harde realiteter som ligg bak dei mange dikta der den jødiske erfaringsbakgrunnen kjem til syne. Medan foreldra hans var unge under det nazistiske diktaturet, vaks han sjølv opp under eit anna diktatur: Det kommunistiske. I 1992, samstundes med at nasjonalistane erobra det politiske fleirtalet i landet, ga Milan Richter ut si hittil sterkaste samling "Røter i Lufta" som dette utvalet har lånt tittel ifrå.