Ivar ligg og ser i taket. Han tenkjer på ei spesiell jente. Han hadde sett ho borte i senteret, berre eit glimt, men det var nok. Ho var så utruleg fin. Han hadde stogga opp og glodd. Så hadde ho merka det, og augo hennar møtte hans. Det skjedde så fort, men det var som eit lyn råka han på ein underleg stad. Kanskje rett i hjarta? Så vart ho borte. Litt seinare hadde Ivar vore på kaien. Han stod og såg på ferja som skulle gå til Steinøy. Då var jenta der igjen. Som ei openberring skein ho mot han, før ho, liksom skreid om bord. Det var då Ivar bestemte seg. Den jenta skulle han sjå att.