Dei er i førtiåra. Dei er mann og kvinne, med lang fartstid i ekteskapet. Tonen er for lengst slått an, er han ikkje? Skjebnen spelar dei eit puss og to, tvingar fram ei mental vareoppteljing som gjer dei merksame på at livet aldri kan bli rein plankekøyring. Ein roman der gamle draumar og nye planar får uventa spelerom; der personar og situasjonar er skildra med stor innleving og overberande humor.