Forlaget skriver om denne boka:
Romanen er ein hyllest til "vanlege" menneske - som kanskje ikkje er så vanlege likevel, og til kvardagslivet som i all sin banalitet inneheld visse høgdepunkt.
Om ikkje hovudpersonen er ein helt - til det er han vel for skrudd - får vi likevel ei slags ømheit for han. Vi skjønar etter kvart at han gjer så godt han kan, sjølv om det ikkje er så mykje han får til - anna enn å spele biljard. Men kanskje er det ikkje å forakte, det heller?
Finn Øglænd leverer her endå eit eksempel på at han meistrar den svarte humoren. Sjelefred er ein roman i slekt med den førre romanen, Hjarteblod (1993).