Dette er den første fullstendige framstillinga av den norske harryen i bokform. Kven er den norske harryen? Kva vil han? Kva tenker han? Kvar går han? Og kva har han på seg?
Under mottoet "Ung, stolt og harry" gir boka ei innføring i harryenes historie, forskjellige typar harryar, ymse harry aktivitetar og jgenstandar, og avslørar at det er mykje meir og heilt andre ting som er harry i dette landet enn dei fleste av oss trudde. Vi er sannsynlegvis alle harry sosialdemokratar. Men ikkje alle har like lett for å innrømme det.