Malla er blitt så flink at ho kan gå og handle for mormor, men når ho kjem på butikken, hugsar ho ikkje kva ho skal ha.
Ho kjem heim med ein tung potetpose i staden for bønner. Mormor går for å snakke ekspeditrisa til rette, men finn ut at Malla nok har skrøna litt. Så skal Malla prøve ein gong til - og det blir litt feil igjen. Likevel går det godt til slutt! Eva Eriksson er verdskjend for sine barnebokillustrasjonar, og her har ho sjølv laga heile historia.