Ho var ei skjør jente, greip eg meg i å tenka. Ho var ei skjør, fjern og flyktig ei. Ho kunne bryta saman, bryta opp, kvar dag no som helst. Somme tider tenkte eg at det nok bare var eg, bare eg og kattane hennar og nokre gamle venner ho framleis bar med seg, som visste kor ny og nær, fast og fiks, blank og klar, trygg og klok, var og skjør ho var.
Slik tenkjer guten i denne boka. Han tenkjer på jenta - mest rett over vegen. Som han ikkje har helsa på enno.