Forlaget skriv om denne boka:
Den allsidige forfattaren Finn Øglænd har med sine ungdomsromanar dei siste åra vunne eit nytt, ungt og entusiastisk publikum. I år gir han ut boka Så lenge alltid varer, og også denne gongen er det dei ettertrakta og uoppnåelege jentene det handlar om.
Det er jo forferdeleg dette, at det ikkje skjer noko. Ingenting.
Eg går på skulen, ser Heidi der på bussen.
Så er eg på skulen, og der skjer det ikkje noko, anna enn ein slåsskamp nå og då, ein krokfot, eller litt snakk om fotball eller kva det nå er.
Eg held med eit engelsk lag som ingen andre held med: Crystal Palace.
Men så ein dag skjer det noko likevel. Andrine set seg ved sida av han på bussen. Andrine, av alle!