"Eg kan ingenting om Kina. Eg skal ikkje skriva om det eg kan, men om det som forundrar meg."DETTE SEIER KJARTAN FLØGSTAD om bokprosjektet sitt når han drar til Kina. Og dette er det han gjer i Shanghai Ekspress. Fløgstad møter Kina open og forundra og observerer leikande og lærd.
Lærdommen er ikkje kinesisk, men europeisk, og det blottstiller han ope. Slik tar han lesaren med på ei reise inn i eit langt på veg ukjent landskap, eit landskap ein utan vidare forstår vil bli stadig viktigare - byar som Shanghai, Hongkong, Chengdu og Macao; regionane Fujian og Guangdong. Landskapet er nytt, men teksten er umiskjenneleg fløgstadsk. Dei stora spørsmåla Fløgstad har arbeidd med om modernisering og epokeskifte, er bokstaveleg talt raude trådar gjennom teksten, utan at han forfaller til det forutseielege. Han observerer alt det ukjente han møter - gater, personar, situasjonar - og er utilslørt fascinert, men ikkje ukritisk. Han er nysgjerrig, meddelande, forundra, inkluderande. Slik gjer Fløgstad Shanghai Ekspress til ei rik og storarta essayistisk reisebok.