Forlaget skriv om denne boka:
Kva er sant og usant i familiehistorier? Kvifor finst det alltid noko i fortida og i forhold mellom menneske som står kvarandre nær, som ingen snakkar om? Kva gjer dette med barnas liv? Med realisme og innleving skildrar Solfrid Sivertsen med desse novellene dei sårbare forholda mellom menneske som eigentleg er glad i kvarandre.
"Heilt urørleg låg han. Den ørvesle rosa handa med fingrane halvt lukka, heilt stille framfor han på puta.
Strauk ein finger forsiktig over kinnet. Det var varmt. For varmt, kanskje? Men på den andre sida, viss det hadde vore kaldt, det vesle ansiktet ... , herregud, viss det hadde vore kvitt, iskaldt ...
Fort strekte han hendene opp i senga, eine handa under hovudet, andre støtta overkroppen. Varsamt løfta han barnet rundt, snudde han heilt og la han på andre sida. Og Steffen flagra med augnelokka, ein liten bomullskledd arm slo ut i lufta. Men han sov enno. Etter at dyna forsiktig blei breidd over han igjen, sov han vidare, sleppte til og med eit lite, høyrleg sukk utover puta.
Han let det vera ein liten gløtt på døra då han gjekk inn i stova igjen."