Vis alltid denne fanen
|
1 | Sølvberget, Magasin U1 | | Barnebøker | | På hylla
| SOR | | 9 | Sølvberget, Magasin U2 | | Ungdomsbøker | | På hylla
| SOR | | 20 | Sølvberget, 2. etasje Barn og ungdom | | Ungdomsbøker | | På hylla
| SOR | | 35 | Sølvberget, 2. etasje Barn og ungdom | | Ungdomsbøker | | På hylla
| SOR | |
|
Vis alltid denne fanen
Med denne boka blei Bjørn Sortland den norske vinnaren av Skandinavisk romankonkurranse 2001. Det er ei vakker bok, morosam og djupt alvorleg på same tid, ei bok til underhaldning og ettertanke. Bokas hovudperson, Therese på tretten, er ei uredd jente som resolutt tek saka i eigne hender når ho føler at no er det rett før verda går under. Ho lagar ei liste over tolv ting som må gjerast, og den følgjer ho punkt for punkt. Utan noko tull.
Utdrag: EIN DAG SIT FLYTÅRNSFOLKA HEIME I BERRE
UNDERBUKSA OG ET OSTEPOP TIL
FRUKOST
Jan må ha greidd å skru av
tv-en utan å reisa seg, og no sit han med augo igjen, men eg sansar
at han ikkje søv. Det er kaldt i kjellarstova no, så eg vaknar
halvvegs. Eg veit liksom ikkje om dette er pinlig eller
kva det er. Men Jan har i alle fall ikkje gått heim tidleg denne
kvelden. Klokka må vera minst halv to. - Eg er redd for
å vakna ein dag og så er det nesten ingen vanlege folk ute, mumler
eg, hultertilbulter i ein setning, utan stans, - det er ganske
stilt, på tv er det berre gamle seriar som pappa likar, Seinfeld og
slikt, ikkje nyheter og vêrmelding, eg trur at når verda går under
kjem dei ikkje til å seia så mykje, dei lar det berre skura, det er
ingenting å gjera likevel, nokre folk stjel frå butikkar, ikkje så
mange som ein skulle tru, ein kan høyra biltuting i det fjerne, i
lufta ser ein plutselege flykræsj og eksplosjonar, nesten som
fyrverkeri, ingen sit og passar på i flytårna meir, for
flytårnsfolka sit heime i berre underbuksa og et ostepop til
frukost mens dei ser på Seinfeld, folk reiser på sykehus fordi dei
trur dei er tryggare der, men legane har stengt seg inne med
sykepleiarane på vaktrommet, pasientane får nøklar til
operasjonsstova og røntgenapparata sjølv, det er rare fargar på
himmelen, vatnet i springen er heile tida tisselunka, lufta er
hårfønar-varm, ungar er fulle, alt er på ein måte i sakte kino,
folk er naknare, liksom, dei veit at det er over no, mumler eg, -
det er ingenting meir som kan gøymast. Klokka må vera
cirka ti på to når eg trur at Jan legg armen sin rundt meg, men så
viser det seg at han berre klør i øyra.
Vis alltid denne fanen
Fant 101 titler
Vis alle
|
| scenetekstar av Gunnar Germundson ... [et al.] Bok utgitt 2013 Ledig
(Avd.: Sølvberget, 2. etasje - Plassering: Skuespill DUS) Bestill
Husk denne
| | | i redaksjonen: Bjørn Sortland, Aud Gloppen, Olav Egil Aune, Elin Krogedal, Åste Dokka Bok utgitt 2018 Ledig
(Avd.: Sølvberget, Magasin U1 - Plassering: Påske q STI) Bestill
Husk denne
| | av Amund Dahlen (Amund Dahlen, Bjørn Sortland ; illustrert av Per Dybvig) Bok utgitt 2008 Ledig
(Avd.: Sølvberget, 2. etasje Barn og ungdom - Plassering: Barn, fagbøker n786.5076 DAH) Bestill
Husk denne
| | av Timo Parvela (Timo Parvela, Bjørn Sortland, Pasi Pitkänen ; [oversatt fra finsk: Tor Tveite]) Ledig
(Avd.: Sølvberget, 2. etasje Barn og ungdom - Plassering: Ungdomsbøker KEP) Bestill
Husk denne
| |
|