Forlaget skriv om denne boka: Nina bestemmer seg for aldri meir å snakke til faren sin etter at ho har overhøyrt ein telefonsamtale. Samstundes opplever Nina at ho byrjar bli forelska i Tord.
Heime går ting dårleg, men Nina vil gjere det ho maktar for å halde familien samla. Det er vanskeleg og upraktisk å ikkje snakke til sin eigen far. Han er tross alt far hennar, og ho er glad i han. Bror hennar skadar seg og må på sjukehus, men korleis går det når ho må ringje til faren og gi han beskjed om dette? Og korleis vil det gå det med henne og Tord? Ikkje eitt ord er ei lettlesbok i Sirius Blå-serien.