Forlaget skriver om denne boka:
JUVIKFOLKET er Olav Duuns hovudverk. Det omfattar dei seks bøkene Juvikingar, I blinda, Storbryllopet, I eventyret, I ungdommen og I stormen. Romansyklusen skildrar livet til seks, sju generasjonar juvikingar i førre hundreåret og inn i vårt eige.
Sentralt i JUVIKINGAR står den sterke og omsynslause ættehøvdingen Per Anders. Han er ein av gammalkarane, eit menneske i strid med hard natur, overtru og mørkeredsle. Sønene Per Anders, Per og Jens prøver å føre dei gamle juviking-ideala vidare, men maktar det ikkje.